BLI MEDLEM - SPAR PENGAR

Dersom du er medlem kan du GLEDA deg til ei låg rekning i desember.
Medlemane får redusert prisen på straumkjøpet gjennom etterbetaling.

Årsmøtet i Tysnes Kraftlag SA vedtok i år å gje 1,65 millionar kroner i etterbetaling til medlemane.  Etterbetalinga vert trekt frå på rekninga i desember. Denne vert rekna ut frå ditt kraft- og nettkjøp. Medlemane har derfor lågare pris på kraftkjøp og nettleige enn dei som ikkje er medlemar.

Alle som er nettkundar i forbrukarsamvirket Tysnes Kraftlag SA har høve til å bli medlem. Medlemskap i Tysnes kraftlag SA kostar 100 kroner. Dette er ein eingongskostnad.

Dersom du ikkje er medlem kan du ordne dette her, eller ta kontakt med kraftlaget på firmapost@tysnes-kraftlag.no.

Velkomen som medlem!