Dagleg leiar Steinar Austefjord går av

Dagleg leiar Steinar Austefjord går av som leiar i Tysnes Kraftlag SA i samråd med eit samla styre.

Dagleg leiar Steinar Austefjord i Tysnes Kraftlag har i dag valt å sei opp si stilling gjeldande frå dags dato

 «Steinar Austefjord har gjennom dei 17 åra han har vore tilsett i kraftlaget gjort eit framifrå arbeid med å losa laget gjennom ei utfordrande tid, særleg då spørsmålet om selskapsform var i fokus.  Austefjord har også vore sentral på andre områder, slik som ved etablering av Tysnes Breiband og Sun Elsikkerhet.  Austefjord har satt eit solid fotavtrykk på kraftlaget si utvikling.  Verdiauke på nett, overskot på drifta og nettleige på nivå med dei rundt oss er gode døme på dette. Når han no vel å sei opp si stilling i kraftlaget, vil eg ynskja han lukka til i nye oppgåver» seier styreleiar Audun Magnussen

Audun Magnussen seier vidare «Etter diskusjonar over litt tid mellom partane, er det klårt at dagleg leiar sin strategi for framtidig utvikling av selskapet ikkje harmonerer med den retninga styret ynskjer.  På denne bakgrunn ser eg det som ein naturleg konsekvens at Steinar Austefjord seier opp stillinga si»

Partane har forhandla fram ein sluttavtale for Steinar Austefjord innafor dei rammene som ligg i tilsettings kontrakten hans med Tysnes Kraftlag.  Partane er einige om ikkje ytterligare kommentera innhaldet i avtalen.

Steinar Austefjord har sin siste arbeidsdag på kraftlaget i dag