Enova avgifta for næringsverksemder

Les meir om nye reglar frå 01.01.2013

Litt om Enova – kva er det?
Enova gir økonomisk stønad eller tilskot til miljøvennleg omlegging av energibruk og fornybar energiproduksjon i nærings- og privatmarknaden.

Stønadsordninga er blant anna finansiert med såkalla Enova-avgift. Denne avgifta vert krevd inn av nettselskapa, og har til og med 2012 vore 1 øre per kWh + mva for alle typar straumanlegg.

Nytt frå og med 2013 er at enova-avgift for næringsverksemder vert endra frå 1 øre per kWh til kr 800,- per år per målepunkt.

Kven vert rekna som næringskundar?

Næringsverksemder er alle typar privat næring, jordbruk og offentleg verksemd.

Målepunkt for bustadhus, fritidsbustad, naust og vegljos knytt til desse målepunkta vert ikkje rekna som  næringskundar.

Dersom målepunktet forsyner både bustad og for eksempel driftsbygning, skal det reknast ei prosentvis fordeling. I slike tilfeller må ein bruk skjønn.

Har du spørsmål til korleis ditt målepunkt er berekna, ta kontakt med kraftlaget.
Du kan lese meir om Enova på www.enova.no.