Har me registrert rette personopplysningar på deg?

Du kan sjekke dette ved å logga deg inn på «Mi energiside» oppe til høgre. Du treng kundenummer og tilsendt passord. Nytt passord kan du få ved å ta kontakt med kundeservice på tlf. 53430050, eller på e-postadressa firmapost@tysnes-kraftlag.no.

Du kan sjølv endre data ved å gå til «endre personinfo». Her kan du leggje inn ny postadresse, e-postadresse, telefonnummer osv. Sjekk og om fødselsdato er rett.

Ynskjer du å endra namnet, vil du få melding om å gje ei forklaring på kvifor. Dette er fordi me ynskjer spesiell oppfylgjing dersom det er ein annan person som skal ha straumabonnementet. Har me skrive namnet ditt feil, ynskjer me sjølvsagt å få retta opp i dette. Då skriv du det rett og slett i merknadsfeltet.

Kjem du ikkje inn på «Mi energiside» kan du sende e-post til firmapost@tysnes-kraftlag.no. Send inn opplysningane du har, så sjekker me om det er rett i vårt register.

Altså ynskjer me rett postadresse, mobiltelefonnummer, telefonnummer, e-postadresse og din fødselsdato.

Kva nyttar me opplysningane til:

Postadresse: Me sender faktura, purringar, kalender og  anna viktig informasjon.

Mobiltelefonnr.:  Du får varsel om planlagt straumstans, og vert kontakta dersom me har spørsmål ang. straumabonnementet ditt eller nettavdelinga treng kontakt med deg som grunneigar. Du kan bli varsla om målaravlesing på SMS dersom du ynskjer det.

Fasttelefon: Vert nytta dersom me har bruk for å få tak i deg, og ikkje treff deg på mobiltelefon.

E-postadresse: Vert nytta til generell  informasjon, om når det  for eksempel er tid for å sende inn bilete til kalender, informasjon som vedkjem medlemskap, og spørjeundersøkingar. Me kan òg ta kontakt via e-post angåande ditt straumabonnement.

Fødselsdato: Det er krav til å registrera fødselsdato eller organisasjonsnummer på alle straumabonnement.

Dine personopplysningar vil ikkje verta seld viare til andre selskap.