Julegåve til medlemane våre

No får medlemane i Tysnes Kraftlag SA redusert straumrekninga med til saman 1,65 millionar kroner

I desember får medlemane i kraftlaget lågare rekningar. Dette fordi dei som medlem får etterbetaling. Etterbetaling, eller kjøpsutbyte, er eit samvirkelag sin måte å dela ut noko av overskotet til eigarane. Eigarane av Tysnes Kraftlag SA er alle som har meldt seg inn i selskapet. Det er årsmøtet i kraftlaget som vedtek om, og kor mykje, medlemane skal få i etterbetaling. Medlemane i kraftlaget har altså lågare pris på kraftkjøp og nettleige enn dei som ikkje er medlem. Etterbetalinga til kvar enkelt medlem vil variera etter kor mykje ein har betalt til kraftlaget i løpet av året.

Årsmøtet i Tysnes Kraftlag SA vedtok i år å løyva 1,65 millionar kroner i etterbetaling til medlemane dette året. Sidan vi ikkje veit kor mykje straum medlemane vil komme til å bruke siste månaden i år har vi rekna etterbetalinga for år 2013 frå desember år 2012 til november 2013 slik at det vert eit heilt år med forbruk.

Eit gjennomsnittsmedlem, med eit forbruk på 20 000 kWh, får desember-rekninga redusert med om lag 1500 kroner.

Alle som er nettkundar i forbrukarsamvirket Tysnes Kraftlag SA har høve til å bli medlem. Medlemskap i Tysnes Kraftlag SA kostar 100 kroner. Du vil då vera medlem så lenge du ynskjer det, og er knytt til straumnettet til Tysnes kraftlag.

Dersom du ikkje er medlem kan du melde deg inn her, eller ta kontakt med kraftlaget på firmapost@tysnes-kraftlag.no.