Kompensasjon for langvarig straumavbrot

tysnes kraftlag straumbrot.jpg

Stormen Nina førte til at alle våre kundar på Tysnes var utan straum i perioden laurdag, 10.januar kl. 19.30 til sundag 11. januar  kl 16.30, altså i 21 timar.

Ifølgje regelverket kan straumkundar krevja kompensasjon når straumen er borte meir enn 12 timar.

Tysnes Kraftlag har vald å betala ut kompensasjon på kr 600,00 til alle våre kundar, utan at dei treng setja fram krav om dette.

For kundar som har vore utan straum meir enn 24 timar, lyt desse senda inn særskild krav. Skjema nedanfor kan nyttast.

I forskrifta heiter det at krav må fremjast innan rimeleg tid etter at straumforsyninga er igjenoppretta. "Rimeleg tid" vert rekna som 1 månad.

Minstebeløp kr 600,00 vert trekt på faktura for januar. Beløp over  kr 600,00 vert trekt på ein seinare faktura, så snart me har fått handsama krava

Fylgjande satsar gjeld:
 - Straumavbrot i 12 – 24 timar        kr 600,-
 - Straumavbrot i 24 – 48 timar        kr 1400,-
 - Straumavbrot i 48 – 72 timar        kr 2700,-

For straumavbrot over 72 timar skal det gis eit tillegg på kr 1300,- for kvart nye påbyrja døgn.
Kompensasjon for fritidsbustader kan ikkje overstiga årleg nettleigekostnad.
 
Skjema for krav om erstatning
Sjå heile forskrifta her.