Lars Enes konstituert som Dagleg leiar / Elverksjef

Tysnes Kraftlag SA har i dag konstituert Lars Enes som Dagleg leiar / Elverksjef

Styret i Tysnes Kraftlag SA har i dag konstituert Lars Enes som Dagleg leiar / Elverksjef, med ein planlagd varighet ut 2014

«Lars Enes har i over 20 år vore ein særs viktig ressurs for kraftlaget.  At han no seier seg viljug til å mellombels gå inn i rolla som Dagleg leiar/Elverksjef  er noke vi i styret set særs stor pris.  Lars innehar naudsynte papir til å ivareta alle lovpålagte krav som ligg i stillinga som Elverksjef» seier styreleiar Audun Magnussen

Audun Magnussen seier vidare «Eg er trygg på at Lars vil gjera ein framifrå jobb.   Eg meiner han er rette mannen til å leia kraftlaget nå.  Eg trur og han vil kunna bidra til å få ut potensialet som ligg i ein så erfaren organisasjon som Tysnes Kraftlag »

Lars Enes konstitueres som Dagleg leiar / Elverksjef frå dags dato.  Han har fram til no vore leiar for nettavdelinga i selskapet.  Lars Enes fortset som avdelingsleiar for nettavdelinga i konstitueringsperioden.