No kjem etterbetalinga

Gled deg over ein låg faktura

Etterbetalinga er rekna ut ifrå forbruk til og med 1. desember 2012.

Kundar som har avrekning annankvar månad eller halvårsvis, vil få etterbetalinga på faktura i januar.

Etterbetaling vert betalt ut til alle kundar som er medlem per 1. desember 2012. Etterbetalinga vil variera utifrå kor mykje ein har betalt i løpet av året. Har du blitt medlem i løpet av 2012, vil etterbetalinga blir rekna frå den dato du vart medlem.

Etterbetalinga vil liggja som fakturalinje på nettleige- og kraftprisavtale, på side 2 på faktura.

På eFaktura er det dessverre oppdaga ein feil, som gjer at fakturalinje for etterbetaling ikkje er med. For å sjå kva du har fått i etterbetaling, ber me om at du som har eFaktura loggar på Mi energiside og slår opp faktura der.