Årsmøte 2014


Måndag 12. mai var det årsmøte i Tysnes Kraftlag SA. Møtet tok til kl. 17.10, og vart avslutta kl. 18.24.

Det møtte 61 personar, som og representerte 44 fullmakter. Totalt utgjorde det 103 røyster.

Audun Magnussen vart vald til møteleiar, og Ingrid Haaland vart vald til referent. Årstein Aakre og Elin Anita Erstad vart vald til å skrive under møteprotokollen.

Årsmøtet godkjende årsmeldinga til styret og årsrekneskapen, og disponerte årsresultatet slik styret hadde føreslege.

Årsresultat: NOK    4 568 348,-
Etterbetaling til medlemmer (Nett og Kraft) NOK    1 500 000,-
Avsett til annan eigenkapital: NOK    3 068 348,-

Årsmøtet valde og nytt styre, og representant til valnemnda.

Funksjon Namn Periode
Styreleiar Audun Magnussen 2014-2015 Attvald
Styremedlem Aud Kaldefoss 2014-2016 Attvald
Styremedlem Atle Teigland 2014-2016 Attvald
Styremedlem Solfrid Marita Bakke 2013-2015 Ikkje på val
Styremedlem Atle Andersland 2013-2015 Ikkje på val

Varamedlem Karoline Dalen 2014-2015 Ny

Valnemnd: Funksjon Namn Periode

Medlem Ragnhild Malkenes 2012-2015 Ikkje på val
Medlem Tore-Atle Humlevik 2013-2016 Ikkje på val
Medlem Bjørn Lande 2014-2017 Ny

Årsmøtet fastsette godtgjeringa til styret på kr. 310 151,- og godtgjeringa til revisor
på kr. 278 000,-.

Årsmøtet tildelte og gåver til organisasjonar på Tysnes som hadde søkt, etter styret si tilråding.

Søkjar Tiltak  Omsøkt beløp  Tildelt gåve
Tysnes Skyttarlag Nytt tak lagsbygg kr. 204 500,-  kr. 150 000,-
Tysnesfest Administrasjon kr. 150 000,- kr. 100 000,-
Tysnesfest Opprusting Gjerstad kr. 200 000,- kr. 120 000,-
Uggdal idrettslag Volleyballbane kr. 119 000,- kr. 119 000,-

Sum kr. 673 500,- kr. 489 000,-

Saksutgreiing til årsmøte
Årsmelding 2013