Siste frist for innløysing av partar

Styret i Tysnes Kraftlag SA har vedteke at siste frist for innløysing av gamle partar i Kraftlaget er 31.12.2014. Etter denne datoen vil beløpet som ikkje er løyst inn (utbetalt) bli gitt til ålmennyttige føremål.

Ta kontakt med Tysnes Kraftlag SA på telefon 53 43 00 50, eller på e-post til firmapost@tysnes-kraftlag.no dersom du har spørsmål!
 
Du kan og lesa meir om innløysing av gamle partar på nettutgåva til Bladet Tysnes.
 
Har du partar som ikkje er løyst inn, send oss eit brev der du ber om innløysing. Du må gje opp kontonummer for utbetalting av innløysingssum. Hugs underskrift.
 
Ved dødsbu, krev me skifteattest og underskrift frå arvingane eller fullmaktshavar.
 
Du treng ikkje sjølve partbrevet for å be om innløysing.
 
Er du usikker på om du kan ha partbrev som ikkje er løyst inn, ta kontakt så finn me det raskt ut.