Søknad om gåver og sponsing

Tysnes Kraftlag ynskjer å bidra til at bygdene på Tysnes vert ein attraktiv og levande plass for innbyggjarane. Me ynskjer at medlemane skal sjå på selskapet som ein god ressurs for å skape aktivitet og engasjement i lokalsamfunnet.

Tysnes Kraftlag bidreg til dette blant anna gjennom utdeling av midlar til frivillige lag og organisasjonar.

Dei siste 3 åra har kraftlaget støtta lokalsamfunnet med meir enn 3,7 millionar kroner.

Gjennom gåver gjeve av årsmøtet har Kraftlaget bidrege med vesentlege beløp for å realisera Tysneshallen, krøllgrasbanen på Reiso, Skianlegget Løkjen på Onarheim og Tysnesfest.

Kraftlaget brukar i tillegg til desse gåvene kr. 350 000 årleg til å støtte ulike laga og organisasjonar. Her kan nemnast Njardar, Tysnes IL og Tysnes Skulekorps.

Rettingslinjene våre seier at målgruppa er:
•    Barn, ungdom og arbeid for desse skal vere føretrekte mottakarar
•    Støtte som femnar om heile kommunen skal vere føretrekte mottakarar.
•    Mottakarar som bidreg til vekst og godt miljø skal vere føretrekte mottakarar.

Alle er velkomne til å søkje, sjølv om ein ikkje kjem inn under målgruppa nemnt ovanfor.

Søknaden skal innehalde:
•    Namnet på den som søkjer og kor mange som vil ha nytte av tiltaket.
•    Kva det blir søkt om støtte til
•    Korleis heile tiltak skal finansierast
•    Beløp

Ved søknad om støtte til annonser treng me ikkje vite noko om finansiering.

Søknaden kan sendast til firmapost@tysnes-kraftlag.no, eller til
Tysnes Kraftlag SA, Teiglandsvegen, 5680 TYSNES