Søknad om stønad til friviljuge lag og organisasjonar

Tysnes Kraftlag ynskjer å bidra til at bygdene i Tysnes vert ein attraktiv og levande stad for innbyggjarane. Kraftlaget deler difor kvart år ut midlar til friviljuge lag og organisasjonar etter søknad.

Kraftlaget tenkjer no å dela ut slike midlar to gongar i året.
Fyrste søknadsfrist i år er sett til 15.04.2015

Målgruppa vår er:
•    Barn, ungdom og arbeid for desse
•    Mottakarar som bidreg til vekst og godt miljø

Stønad som femnar om heile kommunen vert prioritert.
Søknadsskjema finn du her.

Søknaden kan sendast til firmapost@tysnes-kraftlag.no, eller til
Tysnes Kraftlag SA, Teiglandsvegen 7, 5680 TYSNES

Du kan lesa meir om gåver frå Tysnes Kraftlag her.