Snart jul

Me har fått fleire telefonar frå kundar som har fått «rare» straumrekningar no i desember.
-Har De forandra på noko?, spør ei forundra dame som synest ho har fått så låg rekning.
-Nei, men det er jo jul, svarar me då.

Jul, ja. Kvar jul deler me ut etterbetaling til medlemane våre. Det er grunnen til låg rekning. I år har me gleda av å trekkja ifrå 7,8 % på straumrekninga til alle våre medlemer. Er du nettkunde, men ikkje medlem? Meld deg inn i dag, så får du etterbetaling til neste jul. Innmeldingsskjema finn du her.
 
Med det vil me ynskja alle ei riktig god jul!