Status etter Nina sine herjingar

Me har dessverre framleis ein del kundar som ikkje har fått straumen tilbake etter stormen Nina sine herjingar. Ca 150 kundar manglar framleis straum.

Strekkjene som er ute framleis er:
Flatråker – Hodnanes – Skjeljavik
Hillesvik
Me håpar mange av desse får straumen tilbake i løpet av dagen.
Den største utfordringa ligg no på strekkja Flatråker – Hodnanes - Skjeljavik.
Straum til fastbuande og då spesielt eldre, vil verta prioritert.
Me ber om tilbakemeldingar om enkeltfeil, desse vert retta så snart som mogleg.
Fiberbrot  vert ikkje prioritert i fyrste omgong.