Straumbrot grunna ekstremvèr

Ekstremvèret laurdag 10. januar har gjort stor skade på straumnettet på Tysnes og i områda rundt oss. Feil i SKL sitt nett inn til Tysnes gjorde at heile kommunen var utan straum frå i 20-tida laurdag kveld, og fram til omlag kl. 16.30 søndag. Ein del område mista straumen tidlegare, og nokre område manglar framleis straum søndag kveld. I tillegg er det mange enkeltkundar som ligg ute grunna feil i lågspentnettet.

Desse område ligg framleis ute kl. 20.00 søndag kveld:

Flatråker - Hodnanes - Skjeljavik (omfattande skade på HS-linjer)
Espevik - Flornes
Tysnes - Godøysund
Hillesvik - Raunebakken
Storesætre

Me jobbar fortlaupande med å få inn desse områda. Utbetring av feil i lågspentnettet har me ikkje kapasitet til å starta med før tidlegast måndag morgon. Me bed om at kundar melder inn enkeltfeil frå måndag kl. 09.00.