Støtte til utjamning av nettariffar 2015

Tysnes Kraftlag SA har motteke berekningar som syner at nettkundane på Tysnes vil motta kr. 6 334 000 i  tariffstøtte for 2015. Det er NVE som administrerer ordninga på vegne av Olje- og Energidepartementet Tariffstøtta skal jamna ut ulikskapar i nettariffar på landsbasis, og skal uavkorta koma nettkundane til gode. For nettkundane i Tysnes syner utrekninga ein reduksjon på om lag 14,5 øre/kWh i gjennomsnitt. Utrekninga er basert på mellombelse berekningar, og vert endelege stadfesta av NVE på nyåret.

Meir informasjon kan ein finna på NVE sine heimesider eller ved å ta kontakt med Tysnes Kraftlag.