Utbetaling av kompensasjon for langvarig straumbrot

Det har kome ein del spørsmål i samband med krav om kompensasjon for langvarig straumbrot.

Utbetaling
Tysnes Kraftlag har vald å betala kr 600,00 til alle kundane, då heile Tysnes var utan straumtilførsel i ca 21 timar laurdag 10.01.15 til søndag 11.01.15. Dette beløpet vert trekt på faktura for januar månad.

Dei som har vore utan straum i meir enn 24 timar, kan krevja høgare kompensasjon. Dette kravet må setjast fram skriftleg. Desse krava må handsamast individuelt, og det treng me litt betre tid til. Me håpar å få dette klart til faktura på februar, nokre må nok vente til faktura for mars.

Dei som har bedt om å få kompensasjonen utbetalt til bankkonto, vil få heile kompensasjonen til konto.

Kundar med meir enn 1 anlegg.
I forskrifta heiter det at sluttbrukar kan setja fram krav om kompensasjon. NVE (Noregs Vassdrag og Energidirektorat) har utarbeidd ein rettleiar for forskrifta. Her går det klart fram at ein sluttbruker kan ha fleire målepunkt eller anlegg, og framleis vert rekna som ein sluttbrukar. Det gjeld uansett type anlegg, og om det er andre som nyttar bustaden.

Har sluttbrukar fleire målepunkt, med ulike krav om kompensasjon, er det den med lengst avbrot som gjeld.

Desse reglane gjeld både privatkundar og næringskundar.

Frist for framsetjing av krav
I forskrifta heiter det at kravet må setjast fram innan rimeleg tid.
NVE presiserer at krav framsatt innan 2 månadar etter straumbrot, er satt fram innan rimeleg tid. Det vil sei at alle krav etter stormen Nina, må vera Tysnes Kraftlag i hende innan 15.03.15.

Avkortingar i utbetaling
For fritidsbustadar vert det ikkje betalt ut høgare kompensasjon, enn forventa nettleige for 2015. Nettleiga vert rekna utifrå forventa årsforbruk.
Du kan lese heile rettleiinga til NVE her