Velkomen til våre nye internettsider

Me er stolt over å kunna presentera den nye heimesida vår.

Me får kvart år tilsendt fleire hundre bilete til kalendaren vår, og vil bruka ein del av dei på heimesidene våre.

Menyvala har me prøvd å leggja opp slik at det skal vera enkelt for kundane våre å finna fram. På høgre sida vil du alltid finna pålogging til mi energiside, kontaktinformasjon og driftsmeldingar.

På hovudsida vil me leggja ut nyhende og aktuelle saker. Du finn fleire med å trykke på "arkiv" nedanfor.

Driftsmeldingar vil vera meldingar om straumstansar og feil på nettet. Det kan også vera meldingar til kundane dersom dei må vera obs på arbeid som pågår osv. Dei 3 siste meldingane vil alltid vise, resten finn du ved å klikke på arkiv.

Du er no inne på sida for nett, og vil ikkje kunne gå direkte herifrå til kraft. Dette er gjort for å stetta krav om nøytralitet frå NVE.