Bilete til kraftlagskalenderen 2016

Kvart år sender Tysnes Kraftlag SA ut kalender til sine nettkundar.

Kalenderen inneheld mykje nyttig informasjon, nyhende samt flotte lokale bilete frå heile øya. For å få dette til treng me dykkar hjelp.

Sit du på gode bilete frå Tysnes?

Send dei til oss, og få dei trykt i kalenderen vår!
Alle bileta som vert nytta i kalenderen vert honorert.

Det må vera digitale bilete i original storleik, og av god kvalitet.

Du kan senda bileta til firmapost@tysnes-kraftlag.no,
eller leggja dei over på ein CD som du sender oss.

Bileta må vera oss i hende innan 1. november 2015.
NB! Maks 5 bilete per person, så plukk ut dine beste bilete!

Det er fint om de opplyser kvar på Tysnes bilete er teke.

Me tek atterhald om at innsendte bilete også kan verta nytta på våre internettsider.