Breibandsmontør

For bygging, drift og vedlikehald av breibandsnettet, søkjer Tysnes Kraftlag etter breibandsmontør.

• Vedkomande bør ha montørutdanning innan tele/svakstraumsfag.
• Erfaring med drift av IT nettverk og system er ynskjeleg.
• Søkjar med praktisk erfaring innan fiberarbeid og arbeid i master er å føretrekkja.

Arbeidsspråket er norsk, og det vert kravd førarkort klasse B eller BE.

Arbeidsstad vil vera i Tysnes Kraftlag sitt konsesjonsområde.

Arbeidsoppgåvene omfattar og kundekontakt og installasjon av breibandsutstyr hjå kundar, for Tysnes Breiband.

Tysnes Kraftlag kan tilby gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø, og konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår.

For nærare informasjon om stillinga kontakt Tysnes Kraftlag v/ Lars Enes på e-post len@tysnes-kraftlag.no, eller på telefon 53 43 00 50.

Send kortfatta søknad med CV til firmapost@tysnes-kraftlag.no, merka «Breibandsmontør», innan 20.09.2017

Breiband.jpg