Eigarmøte i "nye" Tysnes Kraftlag

Tysnes Kraftlag AS skal vera ei levande kraft i lokalmiljøet, og skal støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, samt ålmennyttige føremål til beste for innbyggjarane.

Tysnes Kraftlag AS vil få eit årleg utbyte gjennom sitt eigarskap i BKK AS. I 2019 kan dette verta på ca. 10 millionar kroner. Overskotet skal i tråd med føremålsparagrafen i selskapet nyttast til beste for innbyggjarane i konsesjonsområdet til Tysnes Kraftlag SA per 01.01.2018.

Verdiane bør fordelast på ein balansert og forsvarleg måte ut frå omsyn til geografisk spreiing, og fordeling mellom ulike aldresgrupper.

På eigarmøtet måndag 4. mars vart det lagt fram presentasjon av strategi for Tysnes Kraftlag AS.

Lykt_liten_2.jpg