Ekstremvèret "Urd" - ver førebudd og vis aktsemd!

Måndag 26. desember er det varsla ekstremvèr på Vestlandet med sterk vind. Me ber kundane vera førebudd på at det kan oppstå langvarige straumbrot i samband med stormen, og ein bør ta høgde for at straumen kan verta vekke i 1-2 døgn.

Har de alternative oppvarmingskjelder til straum så sørg for at desse er klare til bruk.

Me anbefaler og at de finn fram lommelykter, og ladar opp mobiltelefonane før uvèret kjem.

I samband med ekstremvèret vil me be om at ein viser aktsemd ved eventuelle hendingar i straumnettet.

•  Leidningar som har falle ned må ikkje rørast, og ein må halda god avstand.

•  Trer og andre gjenstandar som ligg over leidningar må ikkje rørast, og ein må halda god avstand.

•  Kraftlaget må varslast dersom situasjonar som nemnd ovanfor vert observert.

Vakttelefon: 482 28 182

Ved omfattande og langvarige straumbrot i nettet vårt vil me prøve å halda kundane våre oppdatert om status via driftsmeldingar her på heimesida vår, eventuelt via sms.

Sjå og Tysnes kommune sine heimesider for informasjon frå kommunen i samband med ekstremvèret.

Storm.jpg