Fiber

Tysnes Kraftlag starta bygging av fiber på Tysnes i 2005, og me har til no investert om lag 35 millionar i fibernettet vårt. Målet har vore at alle som ynskjer seg fiberbreiband, skal få høve til å knytte seg til fibernettet. Dette gjeld både næring, hus og hytter.
Me har bygd ut fiberoptisk kabel på heile Tysnes.

Tysnes kraftlag leiger i dag ut fibernettet til Tysnes Breiband AS. Tysnes Breiband leverer innhaldstenester frå Altibox, og har omlag 1400 kundar.

Tysnes Breiband AS er eigd av Tysnes kraftlag SA, Alsaker Fjordbruk AS, Tysnes Sparebank og Tysnes kommune.

Dersom du ynskjer fiberbreiband, ta kontakt med:
 
Tysnes Breiband AS
Tlf.: 53 43 00 78
Epost: firmapost@tysnes-breiband.no