Inga utjamning

I statsbudsjettet som vart lagt fram i går, var det diverre ikkje sett av pengar til utjamning av nettariffar. Utan dette tilskotet vil nettleiga for ein vanleg hushaldningskunde på Tysnes kunne auke med 2.500 - 3.000 kroner årleg.

Tysnes Kraftlag startar no arbeidet med å påverka forhandlingane om endeleg statsbudsjett, som vert vedteke på slutten av året. For å få dette til treng me politisk drahjelp.. Ordførar Kåre Martin Kleppe er på saka og kontaktar sine. Sjølv om det er FrP og H som no har lagt fram forslaget utan løyving, vonar ordføraren å nå gjennom med bodskapen om at dette er eit viktig distriktstiltak, særleg for nettkundane på Tysnes. Og at ordninga som no har vart i 16 år ikkje bør avviklast utan at det vert fylgd opp av andre tiltak.  Historisk er det sentrumspartia KrF og Sp som har vore dei viktigaste støttespelarar for ordninga, opp mot dei ulike regjeringane.

Løyvingane har vorte drastisk redusert under den sitjande regjeringa, frå ein topp i 2012 og 2013. Med god hjelp frå KrF sentralt,  vart løyvinga auka under forhandlingane om statsbudsjettet for 2016 sist haust, frå 10 til 20 millionar (sjå artikkel i Bladet Tysnes). Dette vonar me på å få til også i år.

Om ein ikkje lukkast, vil Tysnes kraftlag arbeida for at auken i nettleigetariffane skal verta lågast mogeleg i 2017.