Kundemagasinet "Vår Energi"

Tysnes Kraftlag jobbar for å gje deg ei god straumforsyning. Kraftlaget førebur no installering av dei smarte automatiske straummålarane hos alle kundane. Det kan du lese meir om i denne utgåva av Vår Energi, som du vil finne i postkassen måndag – onsdag i veke 46. Du kan og lesa den som pdf her.

Snart kjem smarthusteknologien for fullt. Den vil gjere det mogleg å styre alt elektrisk i huset via mobil eller nettbrett: stereoanlegg, varmeomnar, kaffitraktarar, vaskemaskiner og anna. Enkel teknologi og ei open plattform. Smarthusteknologi gjer det mogleg å tilpasse straumforbruket og redusere totalforbruket.

Du kan og lese at Noreg har mange små og mellomstore energiselskap med lokal forankring, og at det gjer ei rekkje fordelar. Blant anna kan ein enkelt koma med tilbakemeldingar. Energiselskap skaper arbeidsplassar i andre bedrifter lokalt og regionalt. Og dei sponsar lokal idrett og kultur, og utbygging av fibernett, som gjer det attraktivt å bli buande.

Ta deg og tid til å lese Vår Energi sine gode råd: Det går mot haust, og meir bruk av elektrisk straum, og det aukar faren for brann med elektrisk årsak. Kanskje er det heller ikkje for seint å etterisolere?

Som vanleg utfordrar me deg både med premiekryssord og premiekonkurranse. Premien er ein dab-radio.