Lærlingar i Tysnes Kraftlag SA

Tysnes Kraftlag SA har dei siste åra tilsett fire lærlingar i energimontørfaget. Læretida før dei kan ta fagbrev som energimontør er 2,5 år. Av dei 4 lærlingane som har starta hos oss sidan 2011,  er det no 2 som har teke fagbrev som energimontør. Dei arbeidar no som montørar hos Tysnes Kraftlag.

Dei to som er lærling hos Tysnes kraftlag i dag er:

Namn: Andreas Frøyseth
Alder: 19
Tilsett som lærling: 01.07.2014

Kvifor ynskjer du å bli energimontør:
Etter ungdomsskulen starta eg på elektro på Os. Eg var usikker på vegen vidare, men etter at eg var på utplassering hjå Tysnes Kraftlag bestemte eg meg for at eg ville bli energimontør.

Korleis er det å vera lærling hjå Tysnes Kraftlag:
Miljøet på kraftlaget er veldig godt. Det er varierte oppgåver og ingen dagar er like. Eg har aldri angra på at eg søkte om lærlingplass på Tysnes Kraftlag.

Namn: Olav Sigurd Espelund
Alder: 18
Tilsett som lærling: 01.08.2015

Kvifor ynskjer du å bli energimontør:
Ut frå interessene mine valte eg å starte på elektro på Os etter ungdomsskulen. På VG2 var eg utplassert hjå Tysnes Kraftlag. Energimontør virka interessant og eg søkte derfor om læreplass.

Korleis er det å vera lærling hjå Tysnes Kraftlag:
Eg har blitt godt teke i mot på kraftlaget. Energimontørane driv med mange ulike arbeidsoppgåver, og det er kjekt å få mange ulike utfordringar.