Me vaskar og ryddar

Av og til er det naudsynt å vaska og rydda i data. Det er me i full gong med i desse dagar.

Kvifor?

Fyrst og fremst fordi det kjem myndigheitskrav i samband med ein felles database for alle everk og kraftlag i heile landet. Denne har dei kalla Elhub. Når alle skal leggja inn kundedata i same base, krev dette at ein har data med god kvalitet.

Kva konsekvensar får det for kundane våre?

Me vil retta namn på verksemder og organisasjonar, slik at dei samsvarar med det som er registrert i Brønnøysundregisteret. Ser du at di verksemd er registrert feil, ber me om at du tek kontakt for oppklaring.

Me vil retta namn på privatpersonar i høve Folkeregisteret. Her blir den største endringa, då me hentar inn mellomnamn og alle etternamn, sjølv om desse ikkje er i bruk til dagleg.

Me må retta kundar som er registrert med fleire namn (herr og fru). Her vil me splitta, slik at namn nr. 2 kjem i adressefeltet. Det er kun plass til eit fødselsnummer.

Kundar med fleire kundenummer

Ifølgje nye krav, skal kvar kunde ha eit unikt kundenummer. Me vil slå saman kundenummer med same namn. Her vil me varsla dei det gjeld. Det vil ikkje få konsekvensar for utsending av faktura, kun ved innmelding av målaravlesing på avlesingstelefonen vår.

Andre rettingar

Me ynskjer å ha så rette opplysningar som mogleg på våre kundar, og retta det me elles måtte finna av feil. Det kan vera telefonnummer, postadresse, e-postadresse, anleggsadresse osv. Logg på "Mi energiside" for å sjekka at me har rette opplysningar for deg.

Anleggsadresse

Anleggsadresse er adressa til bygningen som målaren høyrer til. Denne adressa kan vera ei anna enn di postadresse. Denne adressa finn du på side 2 på faktura. Fint om du kan sjekka at denne er rett, og gje oss ei tilbakemelding dersom ikkje.