Medlemsfordel - redusert straumrekning i desember

I desember får medlemane i Tysnes Kraftlag SA lågare straumrekning. Årsmøtet vedtek kvart år om det blir etterbetaling/kjøpsutbyte, og for 2015 har årsmøte gjort vedtak om å betala attende samla kr. 1.750.000 i kjøpsutbyte til medlemane. Dei siste åra har eit medlem med årsforbruk på 20 000 kWh fått redusert desemberrekninga med om lag 1500 kroner.

Tysnes Kraftlag ynskjer alle kundane ei god jul og eit energirikt nytt år!