Nettleigetariffar 2016

Styret i Tysnes Kraftlag SA har vedteke nettleigetariffar gjeldande for år 2016.  Styret ynskjer at nettleiga skal vera på nivå med området rundt oss. Dette klarer ein med støtte frå stat (utjamning) og kjøpeutbyte (etterbetaling).

På grunn av redusert utjamningstilskot frå staten, ein nedgang frå 6,3 millionar i 2015 til 4,9 millionar i 2016, ser styret seg nøyd til å auke tariffane i 2016.

I prisane under er utjamning frå staten, 11,9 øre/kWh, trekt frå på energileddet.

Tariffar gjeldande frå 01.01.2016 (SN frå 01.03.2016)

NamnForklaringEffektFastleddEnergileddSommarVinterEffektledd
N2Hus og hytter kr. 3990,- pr. år61,25 øre/kWh58,70 øre/kWh63,80 øre/kWh 
N2mindre næring kr. 3992,- pr. år48,00 øre/kWh45,45 øre/kWh50,55 øre/kWh 
TNNæring med effekt<100 kWkr. 4600,- pr. år44,50 øre/kWh42,92 øre/kWh46,57 øre/kWh562,20 kr/kW/år
TNNæring med effekt100-200 kWkr. 4600,- pr. år44,50 øre/kWh42,92 øre/kWh46,57 øre/kWh526,25 kr/kW/år
TNNæring med effekt>200 kWkr. 4600,- pr. år44,5 øre/kWh42,92 øre/kWh46,57 øre/kWh377,75 kr/kW/år
UMNVegljos kr. 500,- pr. år61,25 øre/kWh   
SNSmå anlegg med lågt forbruk kr. 1995,- pr. år221,25 øre/kWh  

Me tek atterhald om endring i offentlege avgifter. Kundane kan velja å ha sommar- og vintertariff i staden for standard energiledd.

For hus, hytter, småanlegg og vegljos (N2, SN og UMN) er prisen oppgjeven inklusive alle avgifter.

For N2 mindre næringar og TN er prisen ekskl. mva.

Medlemsfordelar

Medlemane får redusert oppgjeven tariff om årsmøtet vedtek etterbetaling. Etterbetaling blir trekt frå på straumrekninga som medlemane får i desember.

Alle nettkundar kan bli medlem i Tysnes Kraftlag SA, dette kostar berre 100 kroner.
Medlemar med eit årsforbruk på 20 000 kWh fekk i desember 2015 redusert rekninga med omlag 1500 kroner.