Nettleigetariffar 2018

Styret i Tysnes Kraftlag SA har vedteke nettleigetariffar gjeldande for år 2018.

Utjamning frå staten har i mange år redusert nettleiga. Dette er ikkje tilfellet i 2018 då utjamning av nettleige ikkje er med i statsbudsjettet.

Etterbetaling / kjøpsutbyte vedteke i årsmøtet redusere nettleiga for medlemane.

På grunn av bortfall av utjamningstilskot frå staten som var 2,3 millionar i 2017, ser Tysnes kraftlag seg nøydd til å auke tariffane for 2018.

Tariffar gjeldande frå 01.01.2018

NamnForklaringEffektFastleddEnergileddSommarVinterEffektledd
N2Hus og hytter kr. 4750,- pr. år69,48 øre/kWh66,93 øre/kWh72,03 øre/kWh 
N2mindre næring kr. 4600,- pr. år54,58 øre/kWh52,51 øre/kWh56,65 øre/kWh 
TNNæring med effekt<100 kWkr. 4900,- pr. år46,08 øre/kWh44,01 øre/kWh48,15 øre/kWh562,20 kr/kW/år
TNNæring med effekt100-200 kWkr. 4900,- pr. år46,08 øre/kWh44,01 øre/kWh48,15 øre/kWh526,25 kr/kW/år
TNNæring med effekt>200 kWkr. 4900,- pr. år46,08 øre/kWh44,01 øre/kWh48,15 øre/kWh377,75 kr/kW/år
UMNVegljos kr. 520,- pr. år69,48 øre/kWh   
SNSmå anlegg med lågt forbruk kr. 2375,- pr. år235,73 øre/kWh  

Me tek atterhald om endring i offentlege avgifter. Kundane kan velja å ha sommar- og vintertariff i staden for standard energiledd.

For hus, hytter og vegljos og naust (N2 og UMN) er prisen oppgjeven inklusive alle avgifter.
For N2 mindre næringar og TN er prisen ekskl. mva.

Søknadsskjema for SN-tariffen finn du her.

Medlemsfordelar

Medlemane får redusert oppgjeven tariff om årsmøtet vedtek etterbetaling. Etterbetaling blir trekt frå på straumrekninga.

Alle nettkundar kan bli medlem i Tysnes Kraftlag SA, dette kostar berre 100 kroner.
Medlemar med eit årsforbruk på 20 000 kWh fekk i 2017 redusert rekninga med omlag 1500 kroner.

Nettleige.jpg