Ny pålogging til "Mi energiside"

Endeleg har me fornya "Mi energiside".
Logg på, og sjå kor fint det har blitt.
Du loggar no på med e-postadressa di, og passord.

Har du ansvar for ulike straumabonnement med ulike kundenummer, vil du få tilgong til alle med same pålogging. Eksempel kan vera at du er kasserar for eit lag eller organisasjon, eller at du har ei næringsverksemd som du leser målaren av for. Forutsetning er at same epostadresse og passord er registrert for begge. Ta kontakt om du treng hjelp med dette.

Kva kan du gjera på "Mi energiside"?

-    Meld inn målaravlesing
-    Oversikt over eige forbruk
-    Sjekk straumfaktura
-    Prøveavrekning, viser berekna faktura for fyrstkomande avrekning
-    Kostnadsoversikt
-    Endre personopplysningar som postadresse, telefonnummer og e-postadresse
-    Endre varslingsmetode for målaravlesing, SMS eller e-post
-    Bestille eFaktura/Avtalegiro
-    Meld flytting, abonnementsendring.
-    Kontakt oss, send e-post via "Mi energiside"
-    Bestille kraft frå Tysnes Kraftlag

Ein sjeldan gong vil du få opp ein boks med personopplysningane dine. Her ber me om at du legg inn eventuelle endringar.
Er det ingen endringar, kan du hoppe over denne.

Me ynskjer tilbakemeldingar på oppgraderinga me har gjort på "Mi energiside".  Opplever du problem, ber me om at du beskriv problemet så godt du kan i ein e-post til firmapost@tysnes-kraftlag.no. Me vil gjera det me kan for å hjelpa deg. Er det noko du saknar på sida, meld ifrå så ser me om det er mogleg å få til.