Ny tariff for små anlegg - SN

Frå 1.mars 2016 har me innført ein ny tariff for små anlegg med lågt forbruk. Dette er typisk naust, garasje, uthus og hytter som er svært lite i bruk.

Pris per 1. mars 2016: fastpris kr 1995,- per år, energiledd 221,25 øre per kWh.

Søknadsfrist for å få ny tariff frå 1. mars 2016:
1. mai 2016.

Søknadar motteke etter 1. mai 2016 vil få endringa registrert frå dato søknad er motteke.

Søknadsskjema finn du her.
(Det er diverre ikkje mogeleg å fylle ut skjemaet elektronisk)

Søknaden kan sendast til firmapost@tysnes-kraftlag.no,
eller til Tysnes Kraftlag SA, Teiglandsvegen 7, 5680 TYSNES