Nye straummålarar

AMS - Avanserte Måle- og Styringssystem
Myndegheitene har vedteke at alle straumkundar i Norge skal få installert automatisk straummålar innan 1. januar 2019. Denne vil erstatta den gamle målaren, og er ein digital målar som registrerer straumforbruket kvar time og sender resultatet til nettselskapet automatisk. Dermed slepp ein å lesa av målaren sjølv, og det vert lettare å følgja med på straumforbruket.

SORIA
I arbeidet med innføring av AMS deltek Tysnes Kraftlag i eit samarbeid med 26 andre selskap, kalla SORIA. Dette er den største «AMS-aliansen» i Norge, med til saman over 700.000 nettkundar.

Utskifting av målarar
For vårt område har SORIA gjort avtale med OneCo Technologies AS om utskifting av målarar. Dei er allereie i gang med dette arbeidet hos nokre av dei andre kraftlaga i regionen, og vil etter planen ta til med utskifting av målarar på Tysnes i mai 2018. Men nye kundar, samt ein del eksisterande kundar der Tysnes Kraftlag skal skifta ut målarane sjølv, vil etter planen kunne få montert AMS-målar allereie frå hausten 2017.

Konsentratorar
For å samla inn data frå AMS-målarane lyt me plassera ut omlag 60 konsentratorar rundt på Tysnes. Desse vil hovudsakleg verta montert på nettstasjonane våre, og me vil snart ta til med dette arbeidet. Konsentratoren vert plassert i eit skap som vert montert på trafokiosk/trafomast, med tilhøyrande antenne.

Meir informasjon om AMS finn du under «AMS - spørsmål og svar».