Omdanning til aksjeselskap

I samband med gjennomføring av transaksjonsavtale med BKK AS vert det på årsmøtet 12. mars fremja forslag om omdanning av Tysnes Kraftlag SA til aksjeselskap.

Aktuelle dokument i samband med omdanninga:

- Omdanningsplan

- Utgreiing ved omdanning frå samvirkeforetak til aksjeselskap

- Revisor si erklæring om omdanninga

- Skilnader mellom å vera medlem i eit SA og aksjonær i eit AS

- Framlegg til vedtekter for nytt Tysnes Kraftlag AS

På medlemsmøtet i Tysnes Kraftlag SA den 19. februar 2018 vart det stilt spørsmål frå medlemmene om det omdanna aksjeselskapet ville dele ut utbyte, og størrelsen på eit eventuelt utbyte. Bakgrunnen for spørsmålet var blant anna at aksjane i det nye aksjeselskapet vil inngå i grunnlaget for formuesskatt, dvs. at mange aksjeeigarar vil måtte betale formuesskatt på aksjane, og dersom selskapet ikkje utdeler utbyte vil det innebere en direkte kostnad for aksjeeigarane. I det noverande framlegg til vedtekter er det lagt opp til at det omdanna aksjeselskapet ikkje skal dele ut utbyte til aksjeeigarane, men bruke overskotet til  å støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, og andre allmennyttige formål i Tysnes. Etter innspela frå medlemmene på medlemsmøtet har styret vedteke å leggje fram eit nytt framlegg til vedtekter der ein opnar for at selskapet kan dele ut opp til 10 % av overskotet til aksjeeigarane. Styret foreslår at vedtektene § 3 tredje ledd vert endra til å lyde:

"Selskapet har ikkje til føremål å skaffe eigarene  økonomisk utbyte, men generalforsamlinga kan likevel etter framlegg frå styret, vedta å disponera  inntil 10 % av overskotet,  som  utbyte til aksjonærane."

- Utkast til opningsbalanse for Tysnes Kraftlag AS

- Revisor si uttale om opningsbalansen

Bakgrunnsinformasjon:

- Artikkel i Bladet Tysnes 23.11.2017

- Informasjonsskriv til kundar og medlemer  01.12.2017

- Artikkel i Bladet Tysnes 24.01.2018

 

Tysnes Kraftlag - BKK - liten.jpg