Årsmøte 2015

Det vert årsmøte i Tysnes Kraftlag SA 17. juni 2015 kl. 17.00 i Tysnes Kraftlag sitt administrasjonsbygg i Våge.

Fullstendig saksutgreiing med rekneskap og årsmelding, vert tilgjengeleg på internettsidene våre frå fredag 5. juni. Dokumenta  kan òg hentast i resepsjonen i administrasjonsbygget, eller bli sendt til dei som særskilt ber om det.

Sakliste.
1.    Godkjenning av innkalling og sakliste, og oppgåve over møtande medlemer.
2.    Val av møteleiar, referent, og to medlemer til underskriving av protokoll, samt val av teljekorps.
3.    Godkjenning av årsmelding for 2014
4.    Godkjenning av rekneskap for 2014
5.    Disponering av årsoverskot
6.    Gåver til ålmennyttige føremål etter § 9.2
7.    Val av styremedlemer og styreleiar
8.    Val av valnemnd
9.    Fastsetjing av godtgjerding  til styret og revisor for 2014
10.    Emisjon i SKL: Kapitalinnskot i høve eigardel på 5%

Etter årsmøtet vert det orientert om samarbeidsprosjektet "Utgreiing av felles nettselskap" for dei fire samvirkelaga Austevoll, Fitjar, Fusa og Tysnes Kraftlag SA.  Dette som ei mogeleg løysing på nye rammevilkår føreslått i innstillinga til ny Energilov