Årsmøte 2016

Det vert årsmøte i Tysnes Kraftlag SA måndag 23. mai 2016 kl. 17.00 i Tysnes Kraftlag sitt administrasjonsbygg i Våge.

Sakliste:

1.Godkjenning av innkalling og sakliste, oppgåve over møtande medlemer.
2.Val av møteleiar, referent, og to medlemer til underskriving av protokoll, samt val av teljekorps.
3.Godkjenning av årsmelding for 2015
4.Godkjenning av rekneskap for 2015
5.Disponering av årsoverskot
6.Endring av vedtekter for Tysnes Kraftlag SA
7.Gåver til ålmennyttige føremål etter § 9.2
8.Val av styremedlemer og styreleiar
9.Val av valnemnd
10.Fastsetjing av godtgjerding til styret og revisor for 2015

Sak 6. Forslag til vedtektsendring på årsmøte 2016. ( krev 4/5 fleirtal i 2 påfylgjande årsmøter.)

Endringa av energilova etter vedtak i stortinget 17.03.16 , vil og krevja endringar i Tysnes Kraftlag sine vedtekter. Etter endringa kan ikkje nettdrift som monopolverksemd drivast i same selskap som anna marknadsbasert verksemd, som kraftomsetting, breiband, eller liknande.
Selskap som Tysnes Kraftlag som er organisert som vertikalt integrerte selskap med kraft, nett, og anna verksemd, må difor endra struktur. Det vert gitt ein frist på 5 år til 2021 for tilpassing til ny lov. Lovendringa har vore varsla ei tid og Tysnes Kraftlag har i den samanheng fått utgreidd forslag til vedtektsendring som opnar for fire alternative organiseringar av nettdrifta, som i dag ligg i Tysnes Kraftlag SA.

Alternativa er som fylgjer :
1.    Etablering av Nytt Nettselskap AS (NNAS), med 3 eller fleire deltakande selskap
2.    Sal av distribusjonsnettet til BKK eller Haugaland Kraft (HK)
3.    Fortsette som før, men med Tysnes kraftlag nett i eige selskap, i eit nytt Tysnes kraftlag konsern
4.    Tysnes kraftlag SA blir eitt reint nettselskap,  og all anna verksemd vert seld ut.

Forslaget til endringar i vedtektene er i samsvar med ovannemnde. Dei vesentlege endringane gjeld § 2. Føremål og § 4. Medlemsskap. Føremålet vert vida ut, og medlemskapen avgrensa noko. I tillegg til å vera kunde i føretaket eller selskap eigd av føretaket,  må ein og eiga eller leiga fast eigedom i det som pr. 01.01.16 utgjer Tysnes kommune. I forslag 2016, vert det gjennomgåande nytta: «samvirkeføretaket» for Tysnes Kraftlag SA