Årsmøte 2017

Det vert årsmøte i Tysnes Kraftlag SA måndag 22. mai 2017 kl. 17.00 i Tysnes Kraftlag sitt administrasjonsbygg i Våge.

Sakliste:

1.Godkjenning av innkalling og sakliste, oppgåve over møtande medlemer.
2.Val av møteleiar, referent, og to medlemer til underskriving av protokoll, samt val av teljekorps.
3.Godkjenning av årsmelding for 2016
4.Godkjenning av rekneskap for 2016
5.Disponering av årsoverskot
6.Endring av vedtekter for Tysnes Kraftlag SA, andre gangs handsaming.
7.Gåver til ålmennyttige føremål etter § 9.2
8.Val av styremedlemer og styreleiar
9.Val av valnemnd
10.Fastsetjing av godtgjering til styret og revisor for 2016

Sak 6. Forslag til vedtektsendring på årsmøte 2017. Andre gangs handsaming § 2

Endringa av energilova etter vedtak i stortinget17.03.16 , vil og krevja endringar i Tysnes Kraftlag sine vedtekter. Etter endringa kan ikkje nettdrift som monopolverksemd drivast i same selskap som anna marknadsbasert verksemd, som kraftomsetting, breiband, eller liknande.
Selskap som Tysnes Kraftlag som er organisert som vertikalt integrerte selskap med kraft , nett, og anna verksemd, må difor endra struktur. Det vert gitt ein frist på 5 år til 2021 for tilpassing til ny lov. Lovendringa har vore varsla ei tid og Tysnes Kraftlag har i den samanheng fått utgreidd forslag til vedtektsendringsom opnar for femalternative organiseringar av nettdrifta, som i dag ligg iTysnes Kraftlag SA.

Alternativa er som fylgjer :

1.Etablering av Nytt Nettselskap AS (NNAS), med 3 eller fleire deltakande selskap
2.Sal av distribusjonsnettet til BKK eller Haugaland Kraft (HK)
3.Fortsette som før, men med Tysnes kraftlagnett i eige selskap, i eit nytt Tysnes kraftlagkonsern
4.Tysnes kraftlag SA blir eitt reint nettselskap, og allannaverksemdvert seld ut.
5.Fisjonering av Tysnes Kraftlag SA til eiteige «TysnesNett SA» med same eigarar

Forslaget til endringar i vedtektene er i samsvar med ovannemnde. Dei vesentlege endringane gjeld § 2. Føremål og § 4. Medlemsskap. Føremålet vert vida ut, og medlemskapen avgrensa noko. I tillegg til å vera kunde i føretaket eller selskap eigd av føretaket,  må ein og eiga eller leiga fast eigedom i det som pr. 01.01.16 utgjer Tysnes kommune. I nye vedtekter, vert det gjennomgåande nytta: «samvirkeføretaket» for Tysnes Kraftlag SA
Vedtektene vart endra på årsmøte 2016 , i 2017 står det berre att å stadfesta endringa av § 2 Føremål.