Årsmøte 2018

Det vert årsmøte i Tysnes Kraftlag SA måndag 12. mars 2018 kl. 17.00 i Grendatun, Uggdal.  

Sakliste

1.Godkjenning av innkalling og sakliste, oppgåve over møtande medlemer.
2.Val av møteleiar, referent, og to medlemer til underskriving av protokoll, samt val av teljekorps.
3.Godkjenning av årsmelding for 2017
4.Godkjenning av rekneskap for 2017
5.Disponering av årsoverskot
6.Gåver til ålmennyttige føremål etter § 9.2
7.Omdanning av Tysnes Kraftlag SA til aksjeselskap i samband med gjennomføring av transaksjonsavtale med BKK AS
8.Val av styremedlemer og styreleiar
9.Val av valnemnd
10.Fastsetjing av godtgjering til styret og revisor for 2017

  

VIKTIG INFORMASJON OM  OMDANNING AV TYSNES KRAFTLAG SA
– OMDANNING TIL AKSJESELSKAP OG FORDELING AV AKSJAR TIL MEDLEMMANE

Styret viser til informasjon til eigarane om den planlagde omdanninga av Tysnes Kraftlag SA (”Tysnes Kraftlag") og til medlemsmøtet den 19. februar 2018, der me vil gjere greie for arbeidet med ei samanslåing med BKK AS. I den planlagde samanslåinga er det ein føresetnad at Tysnes Kraftlag først blir omdanna til eit aksjeselskap. Årsmøtet i Tysnes Kraftlag skal ta stilling til omdanningsforslaget på det ordinære årsmøtet den 12. mars 2018.

Omdanninga frå samvirkeføretak til aksjeselskap inneber at alle aktivitetar og verdiar i Tysnes Kraftlag vert overførte til eit aksjeselskap, Tysnes Kraftlag AS, som skal stiftast som ein del av omdanninga. Kraftlagets medlemmar, dvs. dei som var medlemmar per 31. desember 2017, vil bli aksjonærar i aksjeselskapet.

Fordelinga av aksjar til  medlemmane vil verta gjennomført etter omdanningsregelene i samvirkelova, som seier at aksjefordelinga skal basera seg på samhandelen med Tysnes Kraftlag dei siste fem åra, dvs. i perioden 1. januar 2013 til 31. desember 2017. All samhandel i denne perioden vil telja, dvs. at samhandel i form av nettleige og straumkjøp frå Tysnes Kraftlag vil gje utteljing i form av aksjar. Det er gjort nærare greie for fordelinga av aksjar i omdanningsplanen, datert 8. februar 2018 punkt 4. Omdanningsplanen med vedlegg og andre aktuelle omdanningsdokument finn du her, eller du kan få dei ved å venda deg til oss i administrasjonen.

 

Aarsmote_2.jpg