Søknad om stønad til friviljuge lag og organisasjonar

Tysnes Kraftlag ynskjer å bidra til at bygdene i Tysnes skal vera ein attraktiv og levande stad for innbyggjarane. Kraftlaget deler difor kvart år ut midlar til friviljuge lag og organisasjonar.

I 2015 gav kraftlaget totalt kr. 900 000 til gode føremål i lokalsamfunnet.
Årsmøtet delte ut kr. 550 000, medan det var gitt kr. 350 000 til mindre prosjekt og sponsoravtalar. Sponsoravtalane er knytt opp mot Tysnes IL, Njardar Tysnes, Tysnes skulekorps, Anna Dorthea Espevik og Tysnesfest.

Det skal no delast ut kr. 175 000 til gode prosjekt og tiltak på Tysnes.

Søknadsfristen er 10.03.2016.

Målgruppa vår er:
•    Barn, ungdom og arbeid for desse
•    Mottakarar som bidreg til vekst og godt miljø

Stønad som femnar om heile kommunen vert prioritert.
For å få dei opplysningane me treng må søknadsskjemaet vårt nyttast.
Søknadsskjema finn du her. (Det er diverre ikkje mogeleg å fylle ut skjemaet elektronisk)

Søknaden kan sendast til firmapost@tysnes-kraftlag.no,
eller til Tysnes Kraftlag SA, Teiglandsvegen 7, 5680 TYSNES

Du kan lesa meir om retningsliner for sponsing og gåver frå Tysnes Kraftlag her.

 

Hålandsneset GrenDalag fekk i 2015 tildelt kr. 15.000 i stønad til bygging av nytt toalettanlegg for grendalagshuset.

Hålandsneset GrenDalag fekk i 2015 tildelt kr. 15.000 i stønad til bygging av nytt toalettanlegg for grendalagshuset.