VPS-konto i samband med omdanninga av Tysnes Kraftlag SA til eit aksjeselskap

På det ordinære årsmøtet i Tysnes Kraftlag SA (”TK”) den 12. mars 2018, blei det vedteke å omdanna TK til aksjeselskap. Omdanninga er eit steg i integreringsprosessen mellom TK og BKK AS. Omdanninga vart godkjent av Stiftelsestilsynet den 4. april 2018.

Aksjane i det nye selskapet skal registrerast i Verdipapirsentralen (”VPS”). Registrering av aksjane i VPS betyr at alle aksjane og aksjeeigarboka blir ført elektronisk. TK har bestemt at DNB Verdipapirservice skal vera kontoførar.

VPS-registrering føreset at alle aksjonærar har ein såkalla VPS-konto. Viss du ikkje har ein slik konto, må du oppretta ein slik konto for å kunna ta imot aksjane. Dette kan du blant anna gjera i banken din. Ta gjerne kontakt med TK viss du lurer på noko.

Merk at VPS-konto som er oppretta til bruk ved Individuell Aksjesparing (ASK-konto), Individuell Pensjonssparing (IPS-konto) og ved sparing i aksjefond (Fonds-konto), kan ikkje nyttas. Det er fordi TK ikkje er eit børsnotert selskap, og dessutan at VPS-konto oppretta av fondsutferdarar for sparing i aksjefond ikkje kan nyttast til oppbevaring av ordinære aksjar. Vi ber om at det blir tatt omsyn til dette ved oppretting av VPS-konto og ved informasjon om eksisterande VPS-konto.

Skjema for innmelding av VPS-konto finn du her.

Lykt_liten_2.jpg