Snart kjem nye straummålarar

AMS - Avanserte Måle- og Styringssystem
Myndegheitene har vedteke at alle straumkundar i Norge skal få installert automatisk straummålar innan 1. januar 2019. Denne vil erstatta den gamle målaren, og er ein digital målar som registrerer straumforbruket kvar time og sender resultatet til nettselskapet automatisk. Dermed slepp ein å lesa av målaren sjølv, og det vert lettare å følgja med på straumforbruket.
Meir informasjon om AMS finn du under «AMS – spørsmål og svar».

Elhub - Nasjonal straumdatabase
Myndegheitene har og vedteke at det skal etablerast ein nasjonal straumdatabase.  Informasjon om straumkundane og deira straumforbruk vert lagra her, og skal gjera det lettare for kundane å få tilgang til sine forbruksdata, samt å skifta kraftleverandør. Forbruket til straumkundane skal overførast til Elhub innan kl. 07.00 påfølgjande dag, og vert gjort tilgjengelig for straumkunden sjølv, og kraftleverandør kl. 09.00.

SORIA
I arbeidet med innføring av AMS, og tilrettelegging for datautveksling med Elhub, deltek Tysnes Kraftlag i eit samarbeid med 26 andre selskap, kalla SORIA. Dette er den største «AMS-aliansen» i Norge, med til saman over 700.000 nettkundar. SORIA har inngått avtale med Nuri Telecom LtD om kjøp av automatiske straummålarar og kommunikasjonsutstyr. For vårt område er det gjort avtale med OneCo Technologies AS om montering av målarar. Det føreligg ikkje noko eksakt plan enno for når utskifting av målarar vil ta til på Tysnes, men me vonar dette arbeidet vil ta til i løpet av 2017.

Datakvalitet
I samband med innføring av Elhub er det høge krav til datakvalitet på opplysningar registrert om kundane og deira anlegg. Tysnes Kraftlag har starta arbeidet med å auka kvaliteten på opplysningane me har registrert i våre datasystem. Som kunde kan de hjelpa oss i dette arbeidet ved å sjekka registrerte kundeopplysningar på «Mi energiside», og eventuelt retta desse dersom dei er feil, eller senda oss melding om dette.
Meir informasjon om dette arbeidet finn du i tidlegare nyhende «Me vaskar og ryddar».