Støtte til utjamning av nettariffar 2016

Etter løyving over statsbudsjett får Tysnes kraftlag SA kr. 4 919 407 til reduksjon av nettleigetariffane i 2016.

Støtta vert i sin heilhet tilbakeført til nettkundane gjennom redusert tariff. Det er Norges vassdrags- og energidirektorat som administrerer ordninga, på vegne av Olje- og Energidepartementet. Tariffstøtta skal jamna ut ulikskapar i nett-tariffar på landsbasis, og uavkorta koma nettkundane til gode.

For nettkundane til Tysnes Kraftlag utgjer tilskotet for 2016 ein reduksjon i nettleiga på om lag 14,9 øre/kWh inklusiv meirverdiavgift.