Til våre nettkundar på Tysnes

BKK tek over heile verksemda til Tysnes Kraftlag i juli 2018. Vi vil gjera vårt beste for at du skal oppleva overgangen så enkel og god som mogleg.

Kva må du gjera?

Nettkundeforholdet ditt i Tysnes Kraftlag vert automatisk overført til BKK Nett. Avtalen du har med straumleverandøren din vert ikkje påverka av at du vert kunde hos BKK Nett, og du treng derfor ikkje gjera noko som fylgje av at du får BKK Nett som ny nettleverandør. Vi minner samtidig om at du står fritt til å velja andre straumleverandørar.

Ny og lågare nettleie

Som kunde i BKK Nett vil du no få ei lågare nettleige enn tidlegare. Den nye nettleiga vert gjeldande frå 1. juli 2018. Nettleiga du betalar dekkjer kostnaden med å frakta straumen frå der den vert produsert og heim til deg. I tillegg byggjer, vedlikeheld og oppgraderer BKK Nett straumnettet i regionen som frå juli også inkluderer Tysnes.
Driftssentralen overvakar straumnettet 24 timar i døgnet for å sikra at alle Bkk Nett sine 215 000 kundar har ei stabil og sikker straumforsyning.

For deg som er privatkunde vert det årlege fastbeløpet 2 050 kroner, og prisen per kilowattime (kWh) 42,475 øre.

Dersom du har effekttariff (hovudsikring større eller lik 125 A), eller har andre tariffar, finn du informasjon om desse tariffane på BKK Nett sine nettsider www.bkk.no.

Prisar for mindre oppdrag

Prisar for mindre oppdrag vert endra 1. september 2018. Gjeldande prisliste finn du på www.bkk.no/nett

Faktura

Nettleige og straumforbruk for juni månad vert fakturert av Tysnes Kraftlag, og faktura vert sendt ut omkring 6. juli. Din neste faktura kjem frå BKK. På grunn av overføringa av kundeforholdet ditt til BKK, blir neste faktura sendt ut i midten av september. Denne fakturaen vil då utgjera den nye nettleiga og straumforbruket ditt for juli og august månad. Deretter mottek du faktura kvar månad.

Dersom du i dag har avtale med ein annan straumleverandør enn Tysnes Kraftlag, vil du berre motta faktura med nettleige frå BKK.

Målaravlesing

Fram til du har fått montert ny automatisk straummåler (AMS-målar), ber vi deg fortsetja å lesa av straumforbruket ditt. Målarstanden er grunnlaget for din faktura.

Lurer du på noko?

Som ny kunde hos BKK Nett har du kanskje ein del spørsmål du vil ha svar på. Du kan framleis kontakta Tysnes Kraftlag som før i overgangsperioden, og du vil finna meir informasjon på BKK sine nettsider www.bkk.no.

Venleg helsing

Lars Enes, Everksjef/dagleg Tysnes Kraftlag AS
Margrethe Slinde, leiar Seksjonssjef, BKK Nett AS