Tildeling av gåver til friviljuge lag og organisasjonar på Tysnes

Tysnes Kraftlag ynskjer å bidra til at bygdene på Tysnes er ein attraktiv og levande plass for innbyggjarane. Me bidreg til dette med å dela ut gåver til friviljuge lag og organisasjonar.

Via gåver gjevne av årsmøtet har Kraftlaget bidrege med vesentlege beløp for blant anna å realisera Tysneshallen, krøllgrasbanen på Reiso, Skianlegget Løkjen på Onarheim og Tysnesfest.

I tillegg til desse gåvene deler kraftlaget kvart år ut gåver over drifta. Rettingslinene våre seier at born, ungdom og arbeid for desse skal vere føretrekte mottakarar.

For 2016 var søknadsfristen sett til 10. mars . Kraftlaget fekk inn mange gode søknader, og er glade for å støtta og bidra til aktivitet i ulike lag og organisasjonar på Tysnes. Tysnes Kraftlag delte i denne omgang utkr. 175 000.

Desse fekk tildelt midlar etter søknad:

Tysnes pistolskyttarklubbkr 15 000
Tysnes symjeklubbkr 15 000
Uggdal idrettslagkr 10 000
Lundegrend idrettslagkr 10 000
Solstråleøya venelagkr 10 000
Sauabakkane Velkr 10 000
Uggdal bygdalagkr 7 500
Flateråker Bygdelagkr 7 500
Øykjaskro Velkr 5 000
Lunde Bedehuslagkr 5 000
Tveit Bygdalagkr 5 000
Hjertefred Tysneskr 5 000
Solheimsdalen Grendelagkr 5 000
Onarheim Bygdalagkr 5 000
Hålandsneset Grendalagkr 5 000
Skorpen Grendahuslagkr 5 000
Tysnes sogelagkr 5 000
Kongsvik Grendalagkr 5 000
Røde korskr 5 000
Tysnes støtteforening for indremisjonenkr 4 000
Tysnes Beitelagkr 3 000
Tysnes Bygdelagkr 3 000
Tysnes Muselagkr 3 000
Tysnes Barnekorkr 3 000
Tysnes Soul-Childrenkr 3 000
Onarheim bedehuslagkr 2 000
Sør-Reksteren Bedehuslagkr 2 000
Tysnes Bedehuslagkr 2 000
Tveit indremisjon/Tveit Bedehuskr 2 000
Onarheimsgildet 2016kr 2 000
Venelaget 333 Gjerstadstølenkr 2 000
Jensvoll bedehuskr 2 000
Venelaget for jåttmuseumkr 2 000

I tillegg til dei som er nemnt ovanfor har Tysnes kraftlag SA faste årlege sponsoravtalar med Njardar Tysnes, Tysnes IL, Tysnes skulekorps og Anna Dorthea Espevik på tilsaman kr. 90 000 pr. år.

Tysnes kraftlag er og generalsponsor for Tysnesfest.