Tildeling av gåver til friviljuge lag og organisasjonar på Tysnes

Tysnes Kraftlag ynskjer å bidra til at bygdene på Tysnes er ein attraktiv og levande plass for innbyggjarane. Me bidreg til dette med å dela ut gåver til friviljuge lag og organisasjonar.

Gjennom gåver gjeve av årsmøtet har Kraftlaget bidrege med vesentlege beløp for blant anna å realisera Tysneshallen, krøllgrasbanen på Reiso, skianlegget på Løkjen (Solheimsdalen) og Tysnesfest. Årsaka til at kraftlaget kan gjera dette er eigarskapen og utbytte frå Sunnhordland Kraftlag AS.

I tillegg til desse gåvene deler kraftlaget kvart år ut gåver over drifta. Retningslinene våre seier at born, ungdom og arbeid for desse skal vere føretrekte mottakarar.

For 2017 var søknadsfristen sett til 10. mars. Me fekk inn om lag 40 søknader, og er glade for å kunne støtta og bidra til aktivitet i mange lag og organisasjonar på Tysnes. Tysnes Kraftlag delte no ut kr. 150 000.

Desse fekk tildelt midlar etter søknad:

Lundegrend idrettslag kr 10 000
Onarheim idrettslag kr 10 000
Reksteren Idrettslag kr 10 000
Reksteren Ungdomslag kr 10 000
Lunde Ungdomslag kr 10 000
Tysnes Skyttarlag kr 10 000
Båtlaget Njord/Tysnes kr 10 000
Solstråleøya Venelag kr 10 000
Onarheim Bygdalag kr 5 000
Flateråker Bygdelag kr 5 000
Hålandsneset Grendalag kr 5 000
Kongsvik Grendalag kr 5 000
Skorpen Grendahuslag kr 5 000
Uren Luren 4H kr 5 000
Tysnes barnekor kr 5 000
Tysnes Soul-Children kr 5 000
Tysnes Musèlag kr 5 000
Tysnes sportsskyttarklubb kr 5 000
Lundehagen 2 ve og vel kr 3 000
Vågsmarka Vel kr 3 000
Kulturkyrkja, Onarheim kr 3 000
Hjertefred Tysnes kr 3 000
Venelaget for Jåttmuseum kr 3 000
Tysnes Bygdekvinnelag kr 3 000
Tysnes Husflidlag kr 3 000

Tysnes kraftlag SA har òg sponsoravtalar med Njardar Tysnes, Tysnes IL, Tysnes skulekorps og Anna Dorthea Espevik til ein samla verdi på kr. 90 000 i året.

I tillegg er Tysnes kraftlag generalsponsor for Tysnesfest.