Trefelling

Tysnes Kraftlag kan vera til hjelp med å fella tre som står vanskeleg til nær vårt linjenett.

Dersom du er redd for at treet du ynskjer å fella kan falla ned på straumførande linje, skal du ikkje gjera dette sjølv.

Ta kontakt med oss. Tysnes Kraftlag har innleigde skogryddarar som arbeider heile året med skogrydding langs linjene våre.

Grunneigarar vil så langt råd er, verta kontakta om ryddinga, der skogen representerer verdiar.