Utjamning

Sidan år 2000 har Tysnes kraftlag fått støtte til utjamning av nett-tariffane. Løyvingane vert gitt over statsbudsjettet. Utjamningsordninga skal redusera dei geografiske forskjellane i nettleiga, og inneber at nettselskapa i delane av landet med høgast nettkostand får eit tilskot, slik at dei kan redusera nettleiga for sluttbrukarane.

For 2016 vart kundane i Tysnes kraftlag tildelt om lag 4,9 millionar, noko som tilsvarar rundt 15 øre/kWh.

Signala frå styrande politikarar har vore uklare når det gjeld denne ordninga. Ein lever difor i uvisse frå år til år. Torsdag 6. oktober kjem framlegg til statsbudsjett for 2017. Tysnes kraftlag ventar i spaning på om det vert sett av midlar, og i tilfelle kor mykje, til ordninga for neste år.