Vår Energi

I denne utgåva av Vår Energi kan du lese om everk som byggjer breiband og sponsar idrett og kultur. På denne måten gjer dei ein stor innsats for å halde oppe levande og konkurranse-dyktige lokalsamfunn. Det kan du lese om i siste utgåve av bladet, som du vil finne i postkassa måndag–onsdag i veke 44, eller du kan lesa den som pdf her.

Du kan lesa at hurtiglading av elbilar og nytt kraftkrevjande utstyr som induksjonstoppar set nye krav til everka. I eldre bustad- og hytteområde i heile landet er nettet ikkje førebudd for det som skjer. Det vil vere utopi å byggje ut nettet slik at det blir mogleg for hytteeigarar å hurtiglade elbilar. Utfordringa må heller møtast med andre verkemiddel som til dømes bruk av tariffar, slik at forbruket blir jamna ut, og teknologi som kan koordinere uttaket av straum til lading.

Du finn jussråd, råd om straumsparing og korleis du kan unngå brann med elektrisk årsak.

Les også at snart kan kjøleskapet ditt handle på nett.

Du finn og premiekryssord og premiekonkurranse.