Framdrift AMS

Målarar
For vårt område har SORIA gjort avtale med OneCo Technologies AS om utskifting av målarar. Dei er allereie i gang med dette arbeidet hos nokre av dei andre kraftlaga i regionen, og vil etter planen ta til med utskifting av målarar på Tysnes i mai 2018. Men nye kundar, samt ein del eksisterande kundar der Tysnes Kraftlag skal skifta ut målarane sjølv, vil etter planen kunne få montert AMS-målar allereie frå hausten 2017.

Konsentratorar
For å samla inn data frå AMS-målarane lyt me plassera ut omlag 60 konsentratorar rundt på Tysnes. Desse vil hovudsakleg verta montert på nettstasjonane våre, og dette arbeidet vil me ta til med sommaren 2017. Konsentratoren vert plassert i eit skap som vert montert på trafokiosk/trafomast, med tilhøyrande antenne.