Arbeid nær våre anlegg

Dersom ein skal utføra arbeid med anleggsmaskinar, kran, løfteutstyr, eller liknande, nærare enn 30 m frå ei høgspentlinje, pliktar ein å varsla kraftlaget om dette. Tysnes Kraftlag kan då vurdera sikringstiltak saman med entreprenør, alternativt at Tysnes Kraftlag sjølv overvakar arbeidet.

Kjem maskiner eller utstyr nær ei slik line representerer det livsfåre. Er uhellet ute varslar ein straks kraftlaget og sikrar området.  Ein må ikkje føreta seg noko for å utbetra skaden sjølv.

All graving medfører og risiko om ikkje grunnen er klarert. I byggjefelt vil det alltid vera kablar i jorda som må påvisast før ein set i gang med gravearbeid. Tysnes Kraftlag påviser kablar kostnadsfritt for entreprenør og privatpersonar ved melding om gravearbeid.